
Skulehelsetenesta
er eit lavterskeltebod med "open dør" og fast trefftid. Tenesta er gratis og du får ikkje ureglementert fråvær om du tar med dokumentasjon tilbake til kontaktlærar. Helsesjukepleiar har teieplikt. Med samtykke frå eleven samarbeider helsesjukepleiar med skulen og andre instanser.
Hos helsesjukepleiar kan du snakke om og få m.a.:
- Prevensjonsrettleiing
- Resept på p-piller eller ana hormonell prevensjon
- Gratis kondom, nødprevensjon, graviditetstest, og samtale kring abort
- Seksuelt overførbare infeksjonar, test for klamydia o.l.
- Innsetting, uttak og bytte av p-stav
Snakke om vanskelege følelsar og tankar
- Seksualitet og kjønnsidentitet
- Fysisk og psykisk helse, kosthold, fysisk aktivitet, søvn, rus
Om ikkje helsesjukepleiar er å treffe kan du sende SMS.
Helsetenester på Dalen
Helsesjukepleiar på Dalen: Hildegunn Håland eller Birgitte Yndesdal er på skulen kvar måndag frå kl.10.00-14.30 og på torsdagar frå 9.00-11.00. Helsesjukepleiar vil informere om tenesta i klassene tidleg i skuleåret.
Det er også helsestasjon for ungdom på Tokke helsestasjon kvar torsdag frå kl. 14.00-16.00 (følgjer skuleruta)
Telefonnummer: 35 07 55 50
Helsestasjonslege: Dordi Elise Flom
Kommunefysioterapaut: Åse Drevsjømoen
Helsetenester i Seljord
I Seljord finn du helsesjukepleiar: Tove Beate Holte
Til stades på skulen: måndag og onsdag frå kl.09.00 – 13.00
Telefon: 995 14 174
Helsestasjon for ungdom på helsehuset: Måndag frå kl. 14.30 – 16.00