Gjennom året vert det gjennomført undersøkingar som du vert beden om å svare på.
Hovudundersøkinga, som vi gjennomfører kvart år, er Elevundersøkinga. Denne er viktig for utviklingsarbeidet vi skal halde på med på skulen. Politikarane og fylkesadministrasjonen brukar resultata frå Elevundersøkinga til å utfordre skulane på område der me kan forbetre oss. Det er derfor kjempeviktig at det vert svart så rett og ærleg som mogleg på denne.
Les meir om Elevundersøkinga her: https://www.udir.no/tall-og-forskning/brukerundersokelser/elevundersokelsen/
Undersøkinga skuleåret 2019/20 vert gjennomført i desember. Her er lekkje til pålogging og gjennomføring: https://elfu.udir.no/Respondent/Login.aspx
Ei anna viktig undersøking, som kjem av og til er "Ungdata". Dette handlar om levekåra til ungdom, og vert brukt av kommunane til å finne ut korleis ungdom har det og kva kommunane kan gjere for å få til eit godt ungdomsmiljø.
Her er Ungdata sine eigne nettsider: http://www.ungdata.no/
Les om resultata frå sist gang denne vart gjennomført her: https://www.telemark.no/Vaare-tjenester/Folkehelse/Ung-i-Telemark